Ledig stilling DIAKON/DIAKONIMEDARBEIDAR

Fitjar kyrkjelyd opprettar ei 20% prosjektstilling som DIAKON/ DIAKONIMEDARBEIDAR, i første omgang for to år.

DIAKON / DIAKONIMEDARBEIDAR

Fitjar kyrkjelyd opprettar ei 20% prosjektstilling som diakon / diakonimedarbeidar, i første omgang for to år.

Vi leitar etter ein person som er vaken for det menneska treng, åndeleg og sosialt. Ein som kan vera med og ha eit sjelesørgerisk ansvar. Denne personen må ha evne til å skapa tillit i møte med menneske i ulike livssituasjonar, i samsvar med Fitjar kyrkjelyd sin visjon: «Nær menneske og nær Kristus».

Aktuelle oppgåver:

-          Sjelesorg, besøksteneste, sorgarbeid

-          Bygga fellesskap, saman med kyrkjelyd og tilsette.

-          Delta i opplæring når det er aktuelt

-          Ansvar for kyrkjelyden sitt diakonale arbeid og planverk, saman med utval for diakoni og tilsette.

Arbeidsbeskriving vil bli laga saman med personen som blir tilsett, i samsvar med tenesteordning for diakonar.

Ønskte kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

-          Me har eit ønske om at søkjarar oppfyller kvalifikasjonskrava til diakon.

-          Helsefagleg, eller sosialfagleg kompetanse

-          Evne til å motivera og engasjera menneske

-          Kunne arbeida sjølvstendig, kreativt og initiativrikt

-          Gode samarbeidsevner

-          Førarkort og disponera eigen bil

Fitjar sokneråd tilbyr:

-        Plass i ein godtfungerande stab, eit levande kyrkjefellesskap. Her er mange og dyktige og engasjerte frivillige. Kontoret er plassert på Rådhuset i Fitjar sentrum, nær kyrkja, institusjonar, skule og butikkar.

-          Løn etter gjeldande tariff, ordna arbeidstilhøve.

-          Variert arbeid

-          Positivt arbeidsmiljø

-          Pensjonsordning i KLP

-          Ulykke og gruppelivsforsikring

Personlege eigenskapar og erfaring frå kyrkjeleg arbeid vil bli tillagt stor vekt. Søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja. Oppstart etter avtale.

Soknerådet har fellesrådsfunksjon og er arbeidsgjevar.

For spørsmål, ta kontakt med soknerådsleiar Svein Lunde (971 59 009) eller kyrkjeverje Jan Overweg (901 97 069).

Søknadsfrist 14.09.2023

Søknad med CV, referansar og kopi av vitnemål og attestar vert å senda til Fitjar sokn, Postboks 10, 5418 FITJAR, eller jaov@fitjar.kommune.no.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  
torsdagar kl. 09.00-15.00,
fredagar kl. 12.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"